Bønder mot pels: Intervju med agronom

Publisert 09.05.2011

Stadig fleire i bonde-Norge er kritiske til pelsdyroppdrett. Vi har intervjua agronom Marit Sæbø om hennes meining om pelsdyroppdrett.

Agronom mot pelsdyroppdrett.

Agronom Marit Sæbø.

Stadig fleire i bonde-Norge er kritiske til pelsdyroppdrett. Vi har intervjua agronom Marit Sæbø om hennes meining om pelsdyroppdrett.

Marit Sæbø (55 år) er utdanna agronom ved Stend Jordbruksskule i 1975. Ho er opphavleg frå Nord-Hordaland. Ho har brei erfaring med mange husdyrproduksjonar, mellom anna minkoppdrett. Vi har snakka med henne om hennes mening om pelsdyroppdrett.

Korleis opplever du dyrevelferda til mink, samanlikna med andre husdyr?
I Noreg ligg me ganske langt framme når det gjeld dyrevelferd, men det norske dyrehaldet er sterkt prega av tradisjonar som ikkje alltid er optimale med tanke på dyra. Etterkvart har det skjedd endringar til det betre både for storfe og småfe.

Problemet med pelsdyrhald er at ein ikkje greier å gi desse dyra livsvilkår som både stettar trongen pelsdyra har for livsutfalding og samtidig trongen eigaren har for kontroll med dyra.

Oppfatta du at næringa hadde et sterkt fokus på dyrevelferd?
Når ein står midt oppi det, er det lett for å sjå at det er heilt greit. Ein vert lett ”husblind” når ein går inn i ein tradisjonell produksjon som har vore drive slik i generasjonar.

Men det er det ikkje. Ein kan sjå for seg at ein set buhunden på garden, eller huskatten inn i eit bur på størrelse med eit revebur eller minkbur, og lar han stå der resten av livet. Då vert det innlysande for alle, her i landet i det minste, at slik behandling av dyra er rein mishandling.

Kva meinte du om pelsdyroppdrett den gongen, og kva meiner du no?
Eg meinte nok allereie den gongen at pelsdyrhald er ein produksjon som er stikk i strid med dyra sine behov. Mi oppfatning både då og no er at pelsdyrhald er ein produksjon som ikkje på noko vis tar omsyn til dyra, og som gir dyra så snevre rammer at det er å betrakta som dyremishandling.

Synest du pelsdyrhald bør halde fram i Noreg, eller bli avvikla?
Problemet med pelsdyrhald er at ein greier ikkje å gi disse dyra gode nok livsvilkår. Difor er eg av den oppfatninga at pelsdyrhald er ei næring som må leggjast ned her i landet.

Pelsdyroppdrett er ikkje som anna husdyrhold

Marit er en av stadig flere bønder som er kritiske til pels. Les meir om bønder mot pels!

Pelsdyroppdrett skiljer seg fra anna husdyrhald. Det går ut på å sperre aktive rovdyr inne i små nettingbur. Det er derfor vi i Dyrevernalliansen arbeider for å legge ned pelsdyroppdrett.

Hjelp dyrene som trenger deg aller mest.

Gi en gave i dag!

Gi gave

Jeg vil gi en gave til dyrene!

Bli fadder

Jeg vil hjelpe dyrene med et fast beløp hver måned!